fredag 8. mai 2015

Spirane tittar fram!


Det er like magisk kvart år.  Bittesmå frø, slengt ut og dekka til med jord av ei såmaskin bak ein traktor. Nesten umulige å finne igjen i jorda.  Dette kan da aldri gå bra tenkjer eg. Jorda ser heilt svart og daud ut. Men joda, plutselig tittar dei fram i fine rekker, Quinoaplantane er oppe!  Det ser ut til at den nye/ganle såmaskina har gjort jobben. Hurra for vårens mirakel!

Quinoaen vart sådd den 24 april under fine forhold. 9 dekar ca, derav 5 dekar for Kooperativet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar