Om Quinoa

Bakgrunn

Quinoa spirer på Heramb gård mai 2014

Quinoa er ein ettårig kulturvekst som dannar store frøfylte rakler i toppen. Planten er nær slekting av det vanlige ugraset Meldestokk, og blir i all hovedsak dyrka i Sør Amerika. Det er primært frøa som er interessante som mat, men den store bladmassen kan også nyttast som salat (er i slekt med, og smakar som spinat). Planten er dyrka som ein av grunnpilarane i kostholdet i store delar av Sør Amerika. Den har vore dyrka der i fleire tusen år. Antakelig vart planten domestisert (utvikla til kulturplante) av ein meldestokkliknande, vill sort på samme måte som våre lokale kornsortar vart domestisert frå ville grasplantar. Det finst mange sortar som er lokalt tilpassa ulike klimasoner i Sør Amerika, frå tørkeutsatte sletter i Andesfjella, til meir fuktige områder langs kysten i Chile.  Modning av planten er styrt av døgnrytme, altså mengde lys i løpet av ein dag. Dette gjer at sortar som kjem frå dei sørlegaste områda i Sør-Amerika (Chile i all hovudsak) er dei som egnar seg best i Noreg.  Der er dagslyslengda på sommarstid samanliknbar med Noreg. Forsøk med Quinoasortar frå meir midtre delar av Sør Amerika i Nord-Europa, gjev gjerne plantar som aldri blir heilt modne utover hausten.

Næringsinnhold, interesse og etterspurnad i marknaden



Quinoa nærmar seg modning Heramb gård 2013
Dei siste ti åra har Quinoa kome i søkelyset på grunn av sin særdeles gode næringssamansetning. Den blir per i dag klassifisert som «superfood», da den blir oppfatta å vere spesielt sunn. Quinoafrø inneholder 13-15% protein. Dessutan har den ein sjeldant god proteinprofil, Quinoa inneholder alle dei essensielle aminosyrene som kroppen treng! Proteinprofilen er på høgde med mjølk når det gjeld å vere komplett. Dette forekommer ellers omtrent ikkje i planteriket. Av denne grunnen har FN fatta interesse for planten i eit ernærings- og matsikkerhetsperspektiv. Quinoa kan vokse i marginale jordbruksområder, den har ei solid pålerot og er svært tørkesterk. Vidare kan ein klare seg brukbart med Quinoa som einaste næringskjelde. FN ser difor for seg at mange fattige i verden som lider av mangelsjukdomar, kan få vesentlig helsegevinst av å byte ut ris med Quinoa som grunnæringskjelde.  Eit anna element kan vere relevant å ta med for å plassere Quinoa i framtidas landbruk.  Vi står fram for store utfordringar i landbruket.  Svært store effektiviseringsgevinstar er tatt ut dei siste 50åra. Det er forventa at befolkning og matbehov kjem til å auke vesentlig dei neste femti åra, medan produksjonsevnen til verdas landbruk er forventa å gå tilbake. I eit slikt perspektiv kan det bli naudsynt å bruke meir av landbruksarealet  til menneskeføde (og ikkje dyreføde), og satse på kulturplantar som er fullgode næringskjelder for mennesker, utan å gå via magen til dyr. Det er også slik at glutenintoleranse er i vekst, og Quinoa er glutenfri.

Det er blant den rikaste delen av verdens befolkning at etterspurnaden aukar mest per i dag.  Quinoa er iferd med å bli svært etterspurt i helsekostsegmentet og eksport av Quinoa frå Sør Amerika har auka frå 5 000 tonn til 40 000 tonn frå 2005 til 2012. Per i dag er det ein umetta marknad og butikkane er stadig vekk tomme for Quinoa. Prisen har fulgt etterspurnaden, og i dag ligg prisen i helsekostforretning i Noreg på 150-250kr/kg. Det er for 500g «heilkorn» Quinoa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar