mandag 13. april 2015

Webside er på plass!

Etter ein periode med lite aktivitet i Quinoaprosjektet vart eg engasjert på ny no i helga. Eg tok med meg ein sekk av fjorårets avling til Ingeborg på Sveinhaug Gård, for å høyre om ho kunne tenke seg å teste produktet. Ho ville gjerne tilby det for salg i butikken sin, og sette det på menyen, så da drog eg heim med 15-20kg mindre Quinoa. Og då meldte det seg med ein gong eit behov for ein informasjonskanal for produktet vårt. Min bloggperiode under studietida kom då til nytte, det er jammen fort gjort å kaste i hop ei side ved hjelp av www.blogger.comwww.norskquinoa.no kjøpte eg for ei tid tilbake, så bloggen skal over ditt snart.

Legg ved eit bilete av fjorårets avling

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar