Tilberedning


Grunntilberedning HerambsQuinoa
Quinoafrøa har eit lag med Saponin utanpå frøa.  Dette er eit bittert, såpeliknande stoff som holder fuglar og andre skadedyr unna frøa på åkeren. Mesteparten av Quinoa for salg er prosessert (anten ved vasking eller polering, som ved ris).  HerambsQuinoaen er heilt ubehandla og viss den blir tilberedt utan å fjerne saponin så vil den smake veldig bittert. Dette er ikkje farlig, men kan medføre at fordøyelsessystemet kjem i ulage.  Foreløpig har vi ikkje investert i utstyr for å fjerne Saponin, og vi synest også det er interessant å tilby eit heilt naturlig, uprosessert produkt.
 
Det finst fleire heimemetodar for å fjerne Saponin.  Her kjem ei skildring av korleis vi gjer det i den daglige matlaginga:
 

Blendermetoden

Først måler du opp mengden Quinoafrø du skal ha. Så heller du det i ein blender
 
 
 
 
Fyll på med kaldt vatn (det går sikkert fortare om du brukar varmt vatn).
 


Køyr blenderen til det skummar skikkelig (kanskje eit halvt minutt?)

 
Hell av vatnet. Gjerne over eit dørslag så mister du ikkje frø.  Skyll og hell på nytt vatn. Gjenta til det ikkje skummar lengre (1-3 g)
 
Deretter er det berre å helle Quinoaen i ei lita kasserolle, tilsette vatn (og kanskje ein deilig buljong?) og koke på svak varme til den er ferdig. Eg oppgir ikkje tid, men sjekk undervegs. Frøa skal vere mjuke men med litt "sprett" / tyggemotstand. Hell av evt overflødig vatn.  Den vanligaste feilen er å koke for lenge slik at det blir ein graut. Koketid er vel 10-15min ca.  Tips: rør inn ein god kladd med meierismør før servering, NAM!


Skyllemetoden

Hell frøa rett i kasserollen med rikelig vatn.



Gje den eit oppkok. Som du ser på biletet tar vatnet opp saponin og blir brunaktig.

Bytt vatn og skyll.


 Kok ferdig.  Legg merke til at spiren til frøa blir synlig og enkelte løsnar. Då er Quinoaen klar!


Hell av overflødig vatn og bland i ein god klatt med meierismør, gjerne RørosSmør, NAM!



Det ferdige resultatet er ein vakker, smakfull, næringsrik og kortreist lunsj. Eg greide ikkje la vere å ete opp denne bollen sjølv om den egentlig var kokt opp berre for bildene sin del... Bon Appetit!

1 kommentar: